Utstilling
22. oktober - 19. november
|Galleri Gravenstein, Sogndal Kulturhus
Alle gode ting er tre, og litt til Estelle Bourdet


Time & Location
22. oktober - 19. november
Galleri Gravenstein, Sogndal Kulturhus, Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway
About the event
Biografi
Estelle Bourdet er tekstilkunstnar og handvevar med base i Jostedal. Gjennom arbeid i lin, bomull og resirkulerte materiale som klatretau og laken, undersøker ho korleis tekstil kan forme rom og bere historier.
Ho nyttar tradisjonelle vevteknikkar, mellom anna den raudlista filleryeteknikken, som ho omformar med uvanlege materiale for å utfordre funksjon, tekstur og rytme. Arbeida hennar veks fram sakte, tråd for tråd, med vekt på produksjon i eigen verkstad – ei bevisst handling som speglar eit kunstnarskap med sterk forankring i handverket.
Bourdet er oppteken av det som ligg mellom det funksjonelle og det poetiske, og skaper verk som ofte balanserer mellom bruksobjekt og kunstverk. Ho har verkstad i Luster og er medlem av Luster Mikromakeri, eit kreativt verkstadfellesskap for kunstnarar og handverkarar.
Ho er medlem av Norske Kunsthåndverkere, har kunstutdanning frå Sveits og Sverige, har hatt separatutstillingar i Sverige og Sveits og delteke i gruppeutstillingar i Norden, fleire…