top of page

Vedtekter

§ 1. Namn 

Laget sitt namn er Sogndal Kunstlag. 

§ 2. Føremål 

Sogndal Kunstlag skal fremje interesse og forståing for kunst og kunsthandverk generelt i kommunen og regionen.  

§ 3. Oppgåver 

For å fremje føremålet skal laget: 

  • Arrangere utstillingar  

  • Halde medlemsmøte 

  • Hjelpe fram og skape kontakt mellom kunstnarar 

  • Samarbeide med skular, lag og organisasjonar  

  • Leggje vekt på formidling av kunst for born og unge 

  • Arrangere kurs, seminar og turar for medlemane 

  • Kjøpe kunst, byggje opp ei kunstsamling og leige ut frå denne 

§ 4. Medlemsskap 

Medlemsskap er ope for alle. Medlem vert ein ved å betale årskontigent, fastsett av årsmøtet og gjeldande for eit heilt kalendarår. Medlemar har fri tilgang til laget sine utstillingar. 

§ 5. Årsmøtet 

Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Årsmøte skal haldast kvart år innan 31. mars.  Innkalling skal skje minst 3 veker før årsmøtedatoen. Saker medlemar ønskjer å ta opp, skal vere levert styret seinast to veker før møtedato. 

Det kan kallast inn til ekstraordinært årsmøte når styret finn det naudsynt, eller når 2/3 av medlemane skriftleg krev det. Alle som har betalt kontigent for året årsmøtet gjeld, har stemmerett. Årsmøte kan gjere vedtak med simpelt fleirtal når det er lovleg innkalla. For endringar av vedtekter gjeld § 10. 

 

Årsmøtet skal handsame: 

  • Årsmelding 

  • Revidert rekneskap  

  • Budsjett 

  • Fastsetje medlemskontigent  

  • Innkomne forslag/ saker frå styret 

  • Val 

§ 6. Styret 

Styret leiar laget mellom årsmøta. Styret skal ha 4 medlemer og 2 vara. 2 medlemer skal vere på val kvart år. Styreleiar skal veljast av årsmøtet kvart år.  Styret skal ha kompetanse innanfor kunstfag, marknad og media, økonomi og leiing, og i fellesskap stå for ei god leiing av laget. 

Styret kan etablere underutval for utstillingar, formidling, turar, arrangement o.a. 

§ 7. Valnemnd 

Valnemnda skal ha 3 medlemer, valde av årsmøtet for 2 år etter innstilling frå sitjande nemnd. 

§ 8. Revisor 

Styret kan engasjere revisor. Revisor kan ikkje ha verv i laget. 

§ 9. Endring av vedtekter 

Endring av vedtekter kan gjerast av årsmøtet eller ekstraordinært årsmøte og krev 2/3 fleirtal. 

§ 10. Oppløysing av laget 

Oppløysing av laget skal skje ved uravrøysting blant medlemane med ein fastsett røystefrist på minst 30 dagar. Oppløysing kan berre skje dersom 2/3 av gjevne røyster stør kravet. 

Ved oppløysing skal laget sine eigendelar forvaltast av laget sin bank, med oppmoding om å forvalte desse mest muleg i samsvar med laget sitt føremål, t.d. gjennom ei stifting. 

bottom of page