top of page

Create Your First Project

Start adding your projects to your portfolio. Click on "Manage Projects" to get started

Nyheit - Vel gjennomført utstilling

Dato

November 2025

Omlag 30 personar møtte opp til vernissage på utstillinga til Anne Gry Løland i Galleri Gravenstein den 5. oktober. Utstillinga vart opna av styreleiar Erling B. Haugen som fortalde litt om ståa i det nyoppstarta kunstlaget og røtene til det gamle kunstlaget som vart nedlagt for omlag 17 år sidan.

Kunstnar Anne Gry Løland kunne fortelje dei frammøtte om metoden ho har brukt for å skape kunstverka, ein omstendeleg prosess med fleire lag, som krever tolmod og god plass. Først silketrykk på store stoffstykke, deretter sying på kryss og tvers i eit rutenett, til sist, påføring av ein type pasta som brenn vekk delar av stoffet ved varmeeksponering.

I løpet av opningsdagen var omlag 50 personar innom utstillinga. Gjennom perioden utstillinga stod oppe, var det omlag 150 personar som skreiv seg inn i gjesteboka til kunstlaget. Vi heldt ope kvar laurdag og søndag frå 16-20.

Vi er svært nøgde med vår første utstilling som kunstlag, for samarbeidet med Sogndal Kulturhus og ikkje minst for arbeidet Anne Gry Løland har lagt ned med produksjon av eineståande kunstverk som løfta galleriet til nye høgder denne hausten. Takk til alle som kom innom!

bottom of page