top of page

Create Your First Project

Start adding your projects to your portfolio. Click on "Manage Projects" to get started

Utstilling - "Det vakre i det uperfekte"

Arrangement

Kunstutstilling

Dato

5. oktober 2025 - 2. november 2025

Stad

Galleri Gravenstein

Sogndal Kunstlag er glade for å presentere utstillinga "Det vakre i det uperfekte" med kunstnar Anne-Gry Løland i Galleri Gravenstein i, og i samarbeid med, Sogndal Kulturhus.

Kunstnaren fortel:

Eg er opptatt av det forgjengelige, det som forsvinn, og av å få fram eit skjørt uttrykk der ein kan få inntrykk av at tekstilen går i oppløysning. Restane som gir ei forvandling.

"Bygge opp - rive ned - bygge opp - rive ned…" har vore stikkord for å få fram forholdet mellom dekonstruksjon og rekonstruksjon, der eg bryter ned for å skapa noko nytt.

Eit sitat frå Kerstins Ekmans bok ”Gjør meg levende igjen” fortel om noko av det som eg er opptatt av:

”Sylva pleier å si at den myke historien smuldrer bort uten spor. Tøy smuldrer. Det forsvinner som kjøtt. Til slutt er det bare knoklene igjen av en sivilsasjon. Karosseriet. Sverd finner man. Kanonrør. Men varmen er borte. Det pyntlege. Den skjønnheten som framstilles med myk kunstferdighet.”

I arbeida mine har eg ynskja å få fram fleire lag i eitt fysisk lag. Den fysiske tekstilen som står att, kan virka tilfeldig og ustyrlig, mens skugge på vegg er konkret, tydleg og skapar rom og djupn i arbeida.

Teknikk/materiale: Utgangspunktet er trykk på tekstil. Så fjernar eg deler av dette, ved hjelp av ein utbrenningsteknikk, også kalt devore.

Utstillinga står i Galleri Gravenstein i Sogndal Kulturhus frå 5. oktober til 4. november 2025.

Opning søndag 5. oktober 13.00

bottom of page